onsdag 13. januar 2010

Forfatterintervju: Aina Basso

For nøyaktig ett år siden leste jeg Aina Bassos debutroman Ingen må vite. Deretter kom jeg over bloggen hennes, Flimre, og har siden vært fast leser av den. Nå venter jeg spent på Bassos neste utgivelse og i den forbindelse tok jeg kontakt med henne for å spørre henne om skriveprosessen, om lesing og om å skrive om skriving og lesing.

Om å skrive:

Ingrid: Ingen må vite er en historisk roman for ungdom som handler om blodskam, men også om kjærlighet. Handlingen er lagt til bondesamfunnet i Norge i 1734. Hovedpersonen i boka, Ingeborg, forelsker seg i Mikkel. Samtidig blir hun utsatt for seksuelle overgrep av sin stefar. Dette er hard kost Aina, hva fikk deg til å velge en slik tematikk for din første roman?

Aina: Det var vel ikkje så mykje eg som valde, som tilfeldigheitane som styrte. Eg hadde skrive ei masteroppgåve i historie om temaet, som interesserte meg veldig, og det einaste eg sakna med den faglege tilnærminga var å kunne dikte litt rundt kva personane tenkte, følte, og kva som eigentleg skjedde utover det eg kunne lese i dei rettslege kjeldene.

I tillegg er det eit viktig tema, eit tema som dessverre ikkje sluttar å vere aktuelt sjølv om hundreåra går. Uansett kor djupt vi skulle ønskje at menneska endrar seg til det betre.

Ingrid: Vil du fortsette å skrive historiske romaner, eller har du tenkt å prøve deg på andre sjangre?

Aina: Eg fortset å skrive historiske romanar. Enn så lenge er det der eg finn nerven som må til for å skrive og ikkje minst fullføre ein skjønnlitterær tekst. Eg håper eg vil finne den same nerven i andre teksttypar seinare, men slik det er i dag føler eg at det er i den historiske og lyriske romanforma eg har noko å kome med.

Ingrid: Romanen din blir omtalt som en ungdomsroman. Synes du det er begrensende, slik mange forfattere kanskje gjør? Eller ser du for deg leserne dine når du skriver? Blir den neste romanen din en ungdomsroman?

Aina: Den første romanen min er ein ungdomsroman, og det har eg sjølv bestemt lenge før forlaget fekk lese han. Om eg synest det er begrensande kan eg i så fall takke meg sjølv. Men spøk til side, så opplever eg i nokre tilfelle at målgruppe-kategoriseringa som bokhandlane og ikkje minst biblioteka bruker og som vi må setje på tekstane vi skriv, er begrensande. For å ta min eigen roman som døme, så har det vist seg at han også passar godt for vaksne, faktisk er det vel så mange vaksne som har lese han, som unge. Men han kan berre stå ein stad i biblioteket eller bokhandelen. Sjølv om ein del bokhandlar har sett han på vaksenbok, eller begge stadar, har eg merka meg.

Det er slik at eg no skriv på to manus parallelt. Det eine tenker eg skal vere for barn eller unge, eg har ikkje bestemt meg enno, det andre for vaksne. Eg tenker på målgruppa medan eg skriv, til ein viss grad, men skriv samtidig slik eg må for min eigen del. Så viser det seg til slutt kva slags tekst det er og kven han passar best for. I det kan også forlaget ha ei rolle. 

Ingrid: Ved siden av den skjønnlitterære skrivingen er du også skribent for Nationen og en dyktig blogger. Jeg kunne godt tenke meg å få vite litt om hvordan du jobber. Hvordan strukturerer du arbeidsdagen din for eksempel? Hvordan er skriveprosessen? Jobber du litt med alt samtidig? Har du et kontor, sitter du hjemme, eller på biblioteket kanskje?

Aina: Arbeidstida mi er delt mellom skrivinga, som må og skal ta størst plass, spalteskriving for Nationen og Sunnmørsposten, samt redaksjonelt arbeid i det nynorske nettleksikonet allkunne.no.

Eg sit i stor grad heime og jobbar, sjølv om eg har nøkkelkort til Skriveloftet på Litteraturhuset. Eg bruker også ein del tid på Nasjonalbiblioteket, der eg les meg opp på relevant faglitteratur, eller andre bibliotek eller arkiv, om eg det må. Eg tek arbeidsdagen på feelingen. Kjenner etter kva eg har lyst til når eg står opp, viss eg ikkje har noko eg gjere akkurat den dagen, på grunn av ei dødlinje eller liknande. Eg tek ikkje naudsynleg helg, kan like godt skrive på laurdagskvelden som ein måndag mellom åtte og fire. Det er fridom under ansvar, og det passar meg veldig godt.

Skriveprosessen er som eit puslespel. Eg har ein tanke om kva eg vil skrive om, eit slags univers, som eg så byrjar å bygge, ein bit her, ein bit der. Når ein struktur byrjar å vise seg, skriv eg overgangane mellom bitane, samt nye bitar. Når handlinga røft sett er på plass tek eg føre meg karakterane, kven dei er, kva dei vil, korleis dei forheld seg til kvarandre. Det språklege kjem både heilt i byrjinga av og heilt til slutt i arbeidet, det siste eg gjer er å jobbe med språket, ordval, rytme, forsøke å skildre noko så presist som muleg, med færrast muleg ord, helst på ein måte som ikkje tusen andre har gjort på nett same måte før meg. Eg bruker mykje tid på det språklege, det har alltid vore det viktigaste for meg.

Om å lese:

Ingrid: Den siste tiden har jeg hatt en debatt med noen skolebibliotekarkollegaer på twitter om hva slags litteratur vi skal gi til ungdommene våre og meningene er naturligvis delte om det. Noen mener at det er det samme hva de leser, så lenge de leser noe. Jeg mener at de bør eksponeres for god litteratur og ikke nødvendigvis det de finner overalt i bestselgerhyllene i bokhandlene. Hvordan ville et drømme(skole)bibliotek være for deg?

Aina: Eg er einig med både deg og kollegaene dine. Det viktigaste er at dei les, men det er òg veldig viktig at dei blir presenterte for gode bøker som kan gi dei noko, kvar og ein. Kva som er god litteratur vil jo skilje seg frå lesar til lesar. Ikkje alle treng å lese Twilight, men ikkje alle treng å lese Jon Fosse, heller.

Mitt drøyme-skulebibliotek har rikt utval av allslags litteratur, alt frå hestebøker til samfunnskritiske romanar til lyrikk for barn og unge, og engasjerte, opplyste bibliotekarar som klarer å vise veg gjennom mylderet.

Ingrid: På bloggen din, Flimre, skriver du både om det å lese og å skrive. I hvor stor grad lar du deg påvirke eller inspirere av andre forfattere? Hvilke forfattere/verk har betydd mest for deg?

Eg lèt meg sjølvsagt, som alle andre, inspirere. I kor stor grad eg gjer det er vanskeleg å måle. Nokre bøker får meg til å ville skrive, triggar noko i meg, og det er vel der den viktigaste inspirasjonen ligg. Akkurat no har eg nett lese Siss og Unn av Inger Bråtveit, og tenker over korleis ho bruker språket til både å vise og å skjule, slik at lesaren blir nyfiken på kva som eigentleg ligg der, under orda.

Den viktigaste forfattaren for mi eiga skriving har nok, og dette har eg merkeleg nok nokså nyleg oppdaga, vore Tarjei Vesaas. Eg las fleire bøker av han på vidaregåande skule, og det gjorde noko med meg, med språket mitt og mi eiga skriving. Eg kan legge til at eg var svært heldig og hadde ein norsklærar som òg er forfattar og lyrikar, Marit Kaldhol, som har vore ein inspirasjon både gjennom det ho har lært meg og det eg har lært av å lese hennar bøker.

Eg har også stor sans for Tomas Espedal og hans prosjekt, og får meir lyst til å skrive når eg les hans tekstar. Elles les eg og liker veldig mange forfattarar som skriv svært ulikt frå meg sjølv, for mange til å nemne her.

Foto: Tevje Akerø, Samlaget

6 kommentarer:

Eirik sa...

Imponerende... nå er bloggen blitt journalistisk også. Angående ungdommers lesevaner: Jeg tror det er viktig å gjøre det til en vane å lese. Deretter kan man tilby folk noe nytt som utvider perspektivet til folk - alle bør smake på litt av hvert. Lettere sagt enn gjort, dog. Hadde ikke hørt om Basso før, så kanskje jeg sjekker ut romanen hennes.

Forresten, (beklager at det er så off-topic) jeg skrev et innlegg om mine personlige kvaler angående kjøp av leseplate som jeg tror du kan ha noe å si på: http://bit.ly/5UaFt4

Anne Johnsrud sa...

God lesning :-) Jeg leser gjerne flere gode intervjuer på Leselyst.

Kirsten M sa...

Interessant lesing, forfatterintervju er alltid spennende.

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Takk skal dere ha! Kanskje det blir flere intervjuer etterhvert!
Eirik: Jeg har svart på innlegget ditt! Fin blogg forresten.

Lille søster sa...

Ja, dette var flott! Leser også gjerne flere intervjuer.

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Lille søster:Takk! Jeg jobber med saken!