Ferdaminne fra sommaren 1985
Vi har fått rom i 2. etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?
Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen,
opp og ned.
Innestengde i den vesle boksen
blir vi med eitt
så inderleg to-eine
at vi alltid må kysse kvarandre
så snart heisen set seg i gang.
Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.
Men inni meg boblar kvar gong ei lita spenning:
Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar
og vi må ut?
Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong
Vi tar alltid heisen.
Vesaas, Halldis Moren: 100 Dikt - I utval ved Guri Vesaas, Aschehoug, Oslo, 2007, (s. 143)
Bildet er hentet her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar